top of page

Q. Kor lang tid tek det å vokse eit par ski?

A. I gjennomsnitt vil heile prosessen ta ca 2 minuttar per ski.  Då har du reingjort, voksa og polera skien. Jo meir du brukar systemet, desto meir effektiv blir du.

​

Q. Kor mange ski får eg ut av ein 10 grams Roto Wax?

A. Du bør rekne rundt 200 par ski ut av ein 10 grams Roto Wax.

​

Q. Kva er det lengste eg kan konkurrere med Roto Wax?

A. Distansen varierar med snoforholda, testar har vist at Yes systemet held like langt eller lengre enn dagens fluorpulver.

​

Q. Treng eg ein ny ullfilt for kvar einaste Roto Wax eg brukar?

A. Du kan ikkje bruke fleire ulike Roto Wax på ein ullfilt! Du kan anten ha ein ullfilt per Roto Wax (ver nøye med å merke kvar einaste) eller du kan reingjere («dry clean») ullfilten på renseri før du nyttar ein annan Roto Wax.    

​

Q. Treng eg å reingjera skien kvar gong eg bruker Roto Wax?

A. Ja! Du vil starte med ein rein skisole før påføring av Roto Wax. Reingjering av skien vil maksimere effekten av voksen som vidare vil føre til raskare ski.

​

Q. Fungerar Roto Wax også i ekstrem kulde?  

A. Ja, det kan det. NF grønn har prestera likt og betre enn andre parafinglidere som det har blitt testa imot i ekstrem kulde.

​

Q. Eg er fornøgd med min noverande smøringsleverandør – kvifor skal eg bytte?

A.  Kombinasjonen av rask påføring uten bruk av varme, fråver av gliderrøyk, ingen skraping, ingen børsting og raske ski er uslåeleg!

Systemet er laga for fire ulike kategoriar:

1. Racing – skiløperar som vil ha dei raskaste skiene på konkurransedagen.

2. Skiklubbar/team/butikkar med mange ski som skal prepparerast.

3. Skiløperar som ikkje likar å bruke unødvendig tid på å smøre ski.

4. Skiløperar som får negativ tilbakemelding frå sine nærmaste om alt rotet og avfallet dei lagar når dei siklar ski.

​

Q. Kan ein nytte vanleg glider på same måten som ein nyttar Roto Wax?

A: Det er stor forskjell på dette. Vanleg glider vil kun vare i ca 1 km. Yes Skiwax har patent på Giorgio Girardis spesielle molekylformel som har gjort Yes Skiwax til suksess i World Cup. Med Yes Skiwax vil du ikkje sjå fingeravtrykk på skisolen sidan oljete partiklar blir avvisa. Dette fører til svært raske ski!  

bottom of page